Om forlaget

Brosjyre (PDF, 345Kb)

Villanden forlag har som mål å gje ut meiningsberande litteratur som kan gjera livet rikare. Me ynskjer å gå i djupna for å gje lesaren dei mest interessante opplevingane som set spor og varar. Me deler oppfatninga om at:

…mykje av kunsten i dag (litteratur, musikk, bildande kunst) har gjeve seg sjølv eit hardt og kjølig preg, fordi det føregår eit stadig arbeide med overflata i kunstutrykket. Den djupe kjensla er blitt borte, det er blitt noko ein ler av – nettopp fordi ein ikkje kan hanskast med anna enn det som er overflate: den reine forma, dei nakne orda, den musiske lyden. Ein er redd for å kjenne etter den meir djuptliggande lengselen i mennesket.

Arnfinn Haram, Morgenbladet, 06.01.05

Det betyr ikkje at me ved å gje ut litteratur for meininga eller innhaldet si skuld, ikkje samstundes vil løfta fram form eller kunstuttrykk. Me er klar over at det i ei reindyrka form ofte kan oppstå den største meiningsberande kunst. Dette treng strengt tatt ikkje vera eit problem, i den største kanoniserte litteraturen er nettopp form og innhald sameina til eit større heile. Det er dette me strevar etter.

Store mål for eit lite forlag, men utan desse måla er det heller inga meining i å bruka av vår eller lesarane si tid på å lesa bøker som ikkje er bra nok, og gjev nøring til lesaren. God lesing!


Villanden forlag gav ut første bok i 2008, og har ti-års jubileum i år. Sjå artikkel om jubileet som vil bli markert under boklanseringa med Per Sivle-dikt 4. oktober i Voss kulturhus.


SØFUGLEN

En Vildand svømmer stille
Ved Øens Høie Kyst,
De klare Bølge spille
Omkring dens rene Bryst

En Jæger går og bøier
Sig I den steile Ur,
Og skyder så for Løier
Den smukke Kreatur.

Og fuglen kan ei drage
Til redens lune Skjød,
Og fuglen vil ei klage
Sin Smerte og sin Nød.

Og derfor taus den dukker
Dybt I den mørke Fjord,
Og Bølgen kold sig lukker,
Og sletter ud dens Spor.

I søens dybe Grunde
Gror Tangen bred og frisk,
Derunder vil den blunde:
Der bor den stumme Fisk.

J.S. Welhaven


Send inn manus / kontaktinfo