Nye manus

Send gjerne inn manus til Villanden. Me ser fram til å motta gode manus med drivande tekst, helst sendt pr. post.

Villanden har eit kriterium før du sender teksten til oss. Me vil gjerne at du les Rangvald Skredes dikt som gjengjeve nedanfor og ta så ein ny gjennomgang av teksten. Kan den framleis stå seg, ser me i glede og spenning fram til å motta manus! Me slår gjerne eit slag for nynorsk lyrikk.

DET DU IKKJE VEIT

Den fyrste tanken – skuv han av ditt bord!
Han er da fødd av ord og døyr i ord.

Den fyrste tanken – drep han, drep han fort,
så aldri han kjem att! Så er det gjort.

Or djupast natt, til mødde hjarteslag
kjem den som lenger varer, for ein dag.

Gå aldri med på at gjort er gjort!
og la deg aldri stanse av ein port!

Dei svar du vreistar ut or skodd og natt
dei kan du nemne trygt din beste skatt.

Dei spørsmål desse svara steller deg,
dei stakar opp din rette framgangsveg.

Vik ikkje unna når din eld blir heit!
Di største von er det du ikkje veit.

(Ragnvald Skrede, Det du ikkje veit, 1949).


Kontaktinformasjon

Villanden forlag
Lågaskarvegen 12
5724 Stanghelle

epost: «post at villanden.no»