Nyheiter

Ny bok om Olav Nygard til hundreårsmarkering

I 2024 vert det hundreårsmarkeing for den store diktaren Olav Nygard frå garden Krossen i Modalen. Han er omtala av fleire som ein diktar i verdsklasse. Villanden forlag vil i samarbeid med Nygard-kjennaren Ronny Spaans gje ut ei ny bok om Olav Nygard som vil lanserast under hovudmarkeringa for Olav Nygard i august. Då vil det også avdukast ein minnevegg for diktaren i Modalen folkebibliotek.

Bøker mottatt frå trykkeriet! Ny barnebok vert lansert 7.oktober.

Hald av datoen – lanseringa vert på Petersens Handleri på Dale. Laurdag 07.oktober kl. 12. Det vil og verta eit arrangement på Stanghelle og i Modalen.

Ny barnebok frå Villanden forlag!

Ei ny barnebok er under arbeid: Agnar, Magnar og Ragnar går amok. Lanseringa vil bli til hausten.

Boklansering «Dikt i samling» av Åse Lilleskare Faugstad 18. november 2021

Lyrikk og musikk i Dale bibliotek!

Hjarteleg vekomen til bokarrangement i Dale bibliotek 18.november kl. 18.

Me presenterer boka «Dikt i samling» av Åse Lilleskare Faugstad. Forfattaren les eigne dikt. Vakker musikk av Sindre Sortland på klassisk gitar.

Kaffi og kaker – hjarteleg velkomen!

Nytt sjansen til å få signert bok – årets julegåve!

Boka har fått strålande kritikk.

 

Strålande bokmelding av Dikt i samling i Dag og Tid!

«Åse Lilleskare Faugstad sin lyrikk har eit sterkt sanseleg nærver. Fleire av dikta gjev ei sterk kjensle av å vere til stades og samtidig på spranget.» Denne boka har mykje å gje lesaren. Forstørr biletet for å lesa meldinga:


Bestill boka her: https://villanden.no/bestilling-2/

Nytt verk: dikt i samling av Åse Lilleskare Faugstad

Me har motteke bøker frå trykkeriet og både forfattaren og forlaget er svært nøgde med resultatet!

Dikta har fine skildringar av naturen sine mange skiftingar og bilete av menneske. Lesaren får bli med inn i lyriske stemningar som både gleder og overraskar.  Bestill boka her.

Strålande boklansering med fullt hus!

 

Trykkferske bøker frå trykkeriet, no gler me oss til boklansering 14.okt kl 18.

Me er godt nøgde med resultatet! Ei rekkje fine tekstar og mange bilete folk vil kjenna seg att i. Nesten 200 sider om Dale og Bergsdalen!

Kom og få med deg denne kvelden i vakre Dale Forsamlingshus. Bjarte Ytre-Arne les og fortel, Odd’n kjem med gullkorn frå Dale. Mannkoret stillar opp.

Påmelding for plass: mona@villanden.no eller sms: 454 95 730

Inng. 100,- Vipps til Villanden forlag vippsnr. 564 830.

 

 

 

 

Dale og Bergsdalen – fine folk, mykje skøy, gode minne!

Me er i sluttfasen av ei bok med sprudlande, humoristiske og varme minne om Dale og Bergsdalen frå Bjarte Ytre-Arne, Odd Grenasberg, Trygve Aasland og Bernt Veka. Alle med sterk tilknytning til både Dale og Bergsdalen. Her deler dei fine minne med oss frå ei tid me må ta vare på. Dale si storheitstid med Festiviteten, Paviljongen, Dalehallen, gamle fotballheltar og svevande hopp i Solliabakken.

Musikklaget og søndagsskulen til Bjarne Thaule, alle butikkane, Bergsdalens fagre fjell og stappfulle skibussar. Historier heilt frå krigens dagar då Kong Haakon helsa Dalefolket, 50- og 60-talet fram til notid.

«Blir du med å honka på Ekso?», «Heia Dale, sild og pale!» og «Hu Hei! Hvor er det vel friskt og lett!».  Berre å gle seg!

Boklanseringa vert onsdag 14. oktober kl. 18 i Dale Forsamlingshus.

Boklansering – Soger av Per Sivle!

26. september 2019: Nyutgjeving – Soger av Per Sivle

I haust gjev me ut alle sogene til Per Sivle med etterord av Olav H. Hauge. I sogene har me framfor oss stor litteratur, truleg i verdsklasse. Dei gripande forteljingane når fram til hjarta hjå både born og vaksne med Berre ein hund som den mest kjende forteljinga. «Den gjer så stort inntrykk at når ein har lese ho, så gløymer ein den aldri heile livet» (Johannes Gjerdåker).

«Hunden sat og stirte så augo i han glima som berre glør (…). Eg for meg kan seia at eg var så på livet at eg knapt torde anda». (Berre ein hund).

Sivle skriv på kjenslevart vis om venskap og svik, forelsking og kjærleik, tru og freisting i den blenkjande treskillingen, hjelpeløyse og inderleg medkjensle med både dyr og menneske i Hjelpelaus. Anger og soning i den gripande historia om venen Fante Nils.

«Noko av det mest verdfulle er forteljingane og sogone(…) Det er ikkje stemningar som sermerkjer forteljingane, men kjensle, naki nerve, serleg medkjensle med dei som lid urett». Olav H. hauge

Boklanseringa vert i Voss kulturhus kl 19 med song og musikk av gruppa Fantefolk og programmet Lurleik. 

3. juni – bokslepp av «Bruddstykker» i Bergen!

Fullt hus under bokslepp i Bergen! Fantastisk kveld der «Bruddstykker» og den nye Bergensforfattaren Jan Erik Kolaas vart tatt godt imot!

Les strålande anmeldelse av boka! «Dette er rett og slett en vakker, liten bok om elementene i tilværelsen som bringer et menneske frem til voksenlivet».

 

1. juni 2019 Boklansering «Bruddstykker» i Dale forsamlingshus

Strålande oppmøte då Jan Erik Kolaas debuterte med romanen «Bruddstykker» under Daledagane!

Avisa Vaksdalposten om boklanseringa:

1. Juni 2019

Laurdag 1. juni vert det boklansering under Daledagane: Me presenterer boka «Bruddstykker» av Jan Erik Kolaas. Det vert opplesing, musikk av gruppa Smooth Operators som spelar musikk av Beatles og Dylan – dette gjenspeglar  nokre av tekstane.

Lanseringskake og kaffi, boksignering. Dale Forsamlingshus kl. 11 – Velkomen!

22. februar 2019

Sivle-boka fekk strålande omtale i Dag og Tid:

Boklansering i Voss kulturhus, diktskattar av Per Sivle!

November 2016

Biblioteket og kulturskulen i Vaksdal kommune har i 10 år samarbeidd om skrivekurs i biblioteket på Dale. Les omtale av jubileumsboka som inneheld dikt og prosa frå både etablerte forfattarar som Åse Lilleskare Faugstad og nye røyster: Boka har både vakre naturdikt, eksperimenterande dikt og ulike prosasykker. Finslipte tekstar frå ti røyster.

Klikk to gonger for større bilete og skrift

9. juni 2016

Vellukka lansering av William Shakespeare. Det beste av dramatikken under Daledagane 3. juni i Dale Forsamlingshus.  Bestilling her eller i bokhandelen. Terningkast seks i Stavanger Aftenblad.

Sjå omtale i VaksdalPosten:

Hausten 2016 arrangerte me Shakespeare-kveld på Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Vestmannalaget.  Sjå bilete frå kvelden på vår Facebook-side.

Shakespeare-kveld ved Litteraturhuset i Bergen okt. 2016