Utgjevingar

Ny bok om diktaren Olav Nygard

  • ForfattarRonny Spaans
  • ISBN
  • Utgjeven

Ei ny bok om diktaren Olav Nygard er under utarbeiding. Dette er eit samarbeid mellom Ronny Spaans og Villanden forlag. Boka vil lanserast i Modalen i august 2024.

 

Utgjevingar

Bestill

250,-

Agnar, Magnar og Ragnar går amok!

  • ForfattarMona Grenasberg
  • ISBN9788299990486
  • Utgjeven

Agnar, Magnar og Ragnar byggjer på ei hemmeleg kjempemaskin i lego. Det har dei gjort lenge og no byrjar maskina å bli ferdig. Men så vert dei distraherte av godteri, snakkande gulrøter som sloss i sverdkamp og ein livsfarleg hekk som kan sluka små gutar. Mystiske legofigurar er med på prosjektet: «Så snart dei høyrer gutane opnar gatedøra, kastar figurane seg livlause ned på golvteppet og stirer opp i taket med opne svarte auge».

«Kvar er Agnar blitt av? Og kor er Ragnar? Har Ragnar fanga Agnar?»

Utgjevingar

Dikt i samling av Åse Lilleskare Faugstad

  • ForfattarÅse Lilleskare Faugstad
  • ISBN978-82-999904-7-9
  • UtgjevenApril/mai 2021

Åse Lilleskare Faugstad (f. 1941) er ein etablert forfattar med fleire utgjevingar bak seg. I denne boka har me samla all lyrikken hennar i eitt verk; sju diktsamlingar i alt.

Dikt i samling omhandlar det å vera menneske i ulike livsfasar, alltid med den veldige naturen som bakteppe.

Me møter tidlause dikt om det å vera menneske, å gripa augneblinken og å leva for og med andre.

Som ein fakkel

Utan at du står snublande nær

skal eg skina som ein fakkel
gjennom deg
lysa opp andletet ditt
elska dine blomar
frå lukka knuppar
til roser

roser
gjennom deg
i novemberfrosten

gjennom oss.


(Forstørr biletet for å lesa meldinga).

Utgjevingar

Dale – Fine folk, mykje skøy, gode minne. Av Bjart’n, Odd’n, Tuppien og Bernt

  • ForfattarBjarte Ytre-Arne, Odd Grenasberg, Trygve Aasland og Bernt Veka
  • ISBNISBN 978-82-999904-6-2
  • Utgjeven14. oktober 2020

Humoristiske historier om Dale og Bergsdalen frå Bjarte Ytre-Arne og medforfattarar. Tidsspenn heilt frå krigens dagar fram til notid. Mange bilete å gle seg over.

 

                              

 

 

Utgjevingar

Bestill

249,-

Soger

  • ForfattarPer Sivle
  • ISBN978-82-999904-5-5
  • Utgjeven26. september 2019

Boka inneheld alle sogene til Per Sivle. I dei har me framfor oss stor litteratur, truleg i verdsklasse. Dei gripande forteljingane når fram til hjarta hjå både born og vaksne med Berre ein hund som den mest kjende forteljinga. «Den gjer så stort inntrykk at når ein har lese ho, så gløymer ein den aldri heile livet» (Johannes Gjerdåker).

«Hunden sat og stirte så augo i han glima som berre glør (…). Eg for meg kan seia at eg var så på livet at eg knapt torde anda». (Berre ein hund).

Sivle skriv på kjenslevart vis om venskap og svik, forelsking og kjærleik, tru og freisting i den blenkjande treskillingen, hjelpeløyse og inderleg medkjensle med både dyr og menneske i Hjelpelaus. Anger og soning i den gripande historia om venen Fante Nils.

«Noko av det mest verdfulle er forteljingane og sogone(…) Det er ikkje stemningar som sermerkjer forteljingane, men kjensle, naki nerve, serleg medkjensle med dei som lid urett». Olav H. hauge

Roald Waktskjold frå Sivle-laget har skrive føreord.

Utgjevingar

Bestill

249,-

Bruddstykker

  • ForfattarJan Erik Kolaas
  • ISBN978-82-999904-4-8
  • Utgjeven1. juni 2019

«Bruddstykker» handlar om store og små vendingar i livet frå barndom til seint i livet. Om forelsking og venskap, fotball, musikk, kjærleik, liv og død. Om å bli plukka ut til å vera kaptein på fotballaget som elleveåring. Om å høyra Bob Dylan for første gong. Om å møta kjærleiken, mista den og møta den på nytt. Om vennskap som vert sett på prøve.

Les strålande bokomtale her: http://villanden.no/nyheiter/

Utgjevingar

Bestill

Boka er utseld frå forlaget

Den fyrste song,
Lerka & andre skattar

  • ForfattarPer Sivle
  • ISBN978-82-999904-3-1
  • Utgjeven4. oktober 2018

Per Sivle er ein diktar som står i ei særstilling for folk. Alle kjenner «Den fyrste song eg høra fekk» eller «Lerka». Johannes Gjerdåker, ein av Noregs beste attdiktarar, har i lag med forlaget valt ut over 60 Sivle-dikt, både personlege, historiske og nasjonale skattar. Som dette kjende verset frå vikingtida vår som Sivle manar fram med stor innleving:

Og Trygvason høgt
i si lyfting stod;
og ned under brynja hans
draup der blod.
Då sa han: «Til dauden
er kvar mann saka.
Og livande skal dei
          meg aldri taka.»
— So bykste han med
sine menn uti hav.
Og fri, som han livde,
han sokk i si grav.

«Svolder»

Sjå strålande bokmelding Dag og Tid.

Utgjevingar

Bestill

Boka er utseld frå forlaget

TWIST. Ein vestlandsantologi.
Dikt og prosa frå ti røyster.

  • ForfattarKent Amundsen, Einar Bardal, Øyvind Erstad, Åse Lilleskare Faugstad, Mona Grenasberg, Jan Erik Kolaas, Sol-Mari Hesjedal Langhelle, Ole Petter Lien, Odd Jøran Oldervik, Anita Alise Vik
  • ISBN978-82-999904-2-4
  • Utgjeven9. november 2016

Biblioteket og kulturskulen i Vaksdal kommune har i 10 år samarbeidd om skrivekurs i biblioteket på Dale. Lærar i alle desse åra har vore forfattar Henning H. Bergsvåg.

I jubileumsskriftet TWIST er det samla tekstar av noverande og tidlegare elevar av kurset. I TWIST byr vi på eit stort mangfald av tekstar, her er både romanutdrag, dikt, kortprosa og noveller.

Sjå omtale i Vaksdalposten.

Utgjevingar

Bestill

249,-

Det beste av dramatikken

  • ForfattarWilliam Shakespeare
  • ISBN978-82-999904-1-7
  • Utgjeven3. juni 2016

William Shakespeare (1564–1616) er truleg historias aller største diktar. Alle har eit forhold til han, anten gjennom dramatikk, dikt eller film. Dei mange uforgløymelege orda hans står att for ettertida. I denne boka finst eit utval av dei beste monologane og dialogane i dramatikken til Shakespeare: Hamlet, Stormen, Ein midsumarnattsdraum, Romeo og Julie, Macbeth m.fl.

Av same stoff som draumar
blir gjorde av, er vi. Vårt vesle liv
er ringa inn av svevn.

«Stormen»

Alle lesarar kjenner seg att i Shakespeares tematikk. Her talar mann og kvinne, høg og låg, om liv og død, makt og avmakt, kjærleik og hat, forelsking, svik og misunning, lengt og saknad, lukke og ulukke – alt det livet byd av sorger og gleder.

Boka syner fram eit høgdepunkt i nynorsk gjendiktingskunst. Journalist og forfattar Ronny Spaans har valt ut glitrande fragment frå m.a. Ivar Aasen, Erik Eggen, Henrik Rytter, Hartvig Kiran og Halldis Moren Vesaas.

Terningkast seks i Stavanger Aftenblad.

Utgjevingar

Bestill

198,-

Morfar og den ville grasklipparen!
og elleve andre sprøe historier

  • ForfattarMona Grenasberg
  • ISBN978-82-999904-0-0
  • Utgjeven25. oktober 2015

Her kan du lesa løgne historier om bjørnen som åt joikabollar og Torfinn frå Høgabu som mata haiane utan hjelp av kokken Tor. Nærbutikken på Stanghelle dukkar stadig opp. Og morfar Odd kjem inn når du minst ventar det.

Les også om den magiske lampen, ein hemmeleg skatt og om guten Ola som så inderleg gjerne ville gjera ei god teneste, men så gjekk alt så ramlande gale.

Boka har mange fine illustrasjonar.

Utgjevingar

Bestill

298,-

Dikt og dramatiske monologar

  • ForfattarRobert Browning
  • GjendiktingPer Olav Kaldestad
  • ISBN978-82-997869-9-7
  • Utgjeven3. juni 2014

«Hvem leser vel Browning i dag,» sa Edvard Munch indignert. No har du moglegheit til å lesa ein av dei fremste diktarane i viktoriatida på norsk! Robert Browning (1812-1889) skriv klokt og fullt av inderlegheit med stor spennvidde frå det humoristiske til det lyriske, det maleriske og dramatiske. Brownings innsikt i menneskesinnet var stor. Kanskje det er difor dikta hans gjer slikt inntrykk på lesaren. I livfulle glimt syner personane hans sitt sjeleliv for oss.

For kvart augnekast så klårt og svart
held eg endå i hjarta så lenge som råd, –
stemma di, når du helsar snøklokka vart,
vil sjela mi alltid bera på!

Per Olav Kaldestad har gjort eit utval av dikt og monologar om kunsten og kjærleiken, som Frà Lippo Lippi og Andrea del Sarto. Han har òg skrive etterord.

Sjå strålande bokmelding Dag og Tid.

Utgjevingar

Bestill

198,-

Dei løynde kjeldene. Dikt til ny livskraft

  • ForfattarShakespeare, T.S. Eliot, Byron, Rilke, Yeats, Emily Dickinson m.fl.
  • GjendiktingÅse Lilleskare Faugstad
  • ISBN978-82-997869-8-0
  • Utgjeven19. oktober 2012

Sterke poetar frå ulike land bidrar med dikt under temaet «Ny livskraft». Felles for dikta er at dei kan kveikja til ny livskraft, trøyst og glede for lesaren. Forfattar og gjendiktar Åse Lilleskare Faugstad har i samarbeid med forlaget valt ut dikt frå uilke land og ulike tider under dette temaet.

Her er dikt av kjende namn som T. S. Eliot, Rainer Maria Rilke, Shakespeare, Byron, Yeats og Emily Dickinson. Men også mange samtidige moderne poetar er med, som May Sarton, Jean Husby, Carol Ann Duffy, Surekha Vijh og David Wagoner. Det finst og fire nye upubliserte dikt av Åse Lilleskare Faugstad.

For ein kvit og syngjande times fred
Er verd mange års strid,
Og for eit pust av ekstase
Gje alt du har vore og kunne bli.

Sara Teasdale

Utgjevingar

Bestill

329,-

Testamentet & Spreidde balladar

  • ForfattarFrançois Villon
  • GjendiktingHarald Gullichsen
  • ISBN978-82-997869-5-9
  • Utgjeven21. oktober 2010

François Villon (1431-64) vert rekna å vera seinmiddelalderen sin mest betydelege diktar i Frankrike og blir kalla Frankrike sin «første moderne lyrikar». Me vert førde tilbake til 1400-talet og møter dei direkte orda frå ein mann som sit fengsla, dømd til henging. Han evnar å formidla sitt testamente med ein versekunst og eit vidd som er slåande, óg i dag. Me står framfor eit verk som både er spennande og lesverdig og i tillegg har stor litterær- og kulturhistorisk verdi. I følge Hans E. Kinck reiser Villon seg som ein «veldig susende cypres mot himmelen» i vår verdslitteratur.

Dikta byr på skjemt og alvor, nyting og sorg. Me kan lesa vittig satire om alt frå kongar, rikfolk og juristar til Tjukke Margot frå vertshuset. Og me får eksistensielle og sjølverkjennande dikt frå eit liv på flukt frå fangehol, torturkammer og bødlar. Villon skriv og vakre kjærleiksballadar som «kjærleikens martyr».

Sjå flott bokmelding i Dag og Tid, og bilete frå lanseringskvelden då Jon Eikemo las Villon-dikt!

Utgjevingar

Bestill

Boka er utseld frå forlaget

Om lesning. To litteraturhistoriske essays

  • ForfattarMarcel Proust, John Ruskin
  • EtterordRagnhild Evang Reinton
  • ISBN978-82-997869-1-1
  • Utgjeven3. november 2009

Omtale (pdf)

Filosofen John Ruskin (1819-1900) var på sin tid en meget lest engelsk forfatter. Han skrev bl.a. et essay om dannelsen som følger av lese den gode litteraturen. Marcel Proust (1871-1922), forfatteren av mesterverket På sporet av den tapte tid, oversatte i sin ungdom dette essayet fra engelsk til fransk. Han skrev også et forord som nærmest er et selvstendig essay og en polemikk mot Ruskin. Der Ruskin vektlegger den almenne dannelsen av lesning, svarer Proust med fremheve leseaktens private stille glede:

Så var den siste siden lest, boken var slutt. Jeg måtte stanse øynenes nådelse jag, og stemmens, som fulgte etter uten en lyd og bare stanset for trekke pusten, med et dypt sukk.

På sitt mesterlige vis fremhever han lesningen

som med sine magiske nøkler åpner dører til rom i vårt indre som vi aldri ville klart trenge inn i ved egen hjelp.

Utgjevingar

Bestill

278,-

Menippeiske satirer

  • ForfattarLukian fra Samosata (ca. 120-180 e.Kr)
  • OmsetjarAslak Rostad
  • ISBN978-82-997869-2-8
  • Utgjeven3. november 2009

Omtale (pdf)

Den greskspråklige syreren Lukian fra Samosata levde i det andre århundret (ca. 120-180 e.kr.) i dagens Samsat i Tyrkia. Han skrev en mengde verker, deriblant en del menippeiske satirer – tekster med filosofen Menippos som hovedperson, eller skrevet i Menippos» ånd. Her går parodi, humor og stilblanding hånd i hånd med alvorlige emner. Vi har valgt ut Ikaromenippos eller Himmelfareren, Menippos eller Orakelkonsultasjon i Dødsriket og Dødsrikedialogene – tekstene som hører til de mest eksemplariske menippeiske satirene fra denne perioden.

Lukians reiser blir beskrevet med selvironi og humoristiske kommentarer – om alt fra landsbybeboere til visdomsord om hvordan livet bør leves. Som Professor Jon Haarberg ved UiO sier:

Lukian synes – på tvers av århundrene – å tale til oss som lever nå. Det skal fortsatt godt gjøres å ikke briste ut i latter under lesningen. (…)
Ludvig Holberg og A.O. Vinje ville begge, om de hadde kunnet, jublende ha gitt sin uforbeholdne anbefaling.

Sjå nyheit om melding i Morgenbladet.

Utgjevingar

Bestill

175,-

Som ein fakkel. Dikt i utval

Sidan debuten i 1966 med diktsamlinga Ved mitt altar, har forfattaren gjeve ut tilsaman 6 diktsamlingar. Som ein fakkel presenterer 10 kraftfulle dikt frå kvar samling, gjennom ulike livsfasar – frå debuten som 25-åring, til siste bok, Tidevatnet kjem inn. Me møter tidlause dikt om det vera menneske, gripa augneblinken og å leva for og med andre. Vidare har boka dikt som i vakre språkuttrykk syner naturens skiftingar og mennesket i møte med naturen.

Boka byr og på utfordrande sanningssøkande dikt som får lesaren til stoppa opp og fryda seg over innsikter og ord ein sjølv kanskje har leita etter. Som ein fakkel er blitt ei brennande vakker bok, som titteldiktet seier:

(…) skal eg skina som ein fakkel / gjennom deg…

Gå til nyheitssida for nokre fine glimt frå lanseringskvelden.