Nyheiter
November 2016
Biblioteket og kulturskulen i Vaksdal kommune har i 10 år samarbeidd om skrivekurs i biblioteket på Dale. Les omtale av jubileumsboka som inneheld dikt og prosa frå både etablerte forfattarar som Åse Lilleskare Faugstad og nye røyster: Boka har både vakre naturdikt, eksperimenterande dikt og ulike prosasykker. Finslipte tekstar frå ti røyster.
9. juni 2016
Vellukka lansering av William Shakespeare. Det beste av dramatikken under Daledagane 3. juni i Dale Forsamlingshus. Bestilling her eller i bokhandelen. Terningkast seks i Stavanger Aftenblad.
Sjå omtale i VaksdalPosten:
Hausten 2016 arrangerte me Shakespeare-kveld på Litteraturhuset i Bergen i samarbeid med Vestmannalaget. Sjå bilete frå kvelden på vår Facebook-side.
27. september 2015
Morfar og den ville grasklipparen! og elleve andre sprøe historier. Bok for barn og barnlege vaksne. Lanserast 25. oktober. Sjå utgjevingar.
11. februar 2015
I dag har me fått strålande nyheiter om at Norsk kulturråd kjøper inn Browning-boka til landets bibliotek.
Bestill boka her.
19. september 2014
Browning-boka fekk strålande omtale i Dag og Tid i dag:
«Browning er poesiens crème de la crème… det er på tide me får Browning på norsk.»
«Per Olav Kaldestad har lukkast med å overføra dei psykologiske djupnadene i monologane… Omsetjingane hans glir naturleg.»
«… bukett er er sanneleg rette ordet for diktsamlinga – i høve til både forma og innhaldet. Villanden forlag overlét ingenting til tilfella. Bokproduktet er gjennomarbeidd med vakre fontar og sensuelle illustrasjonar…»
«Blir du lei av litterær industriføde – gå til Villanden; dei tilbyd økologiske bokprodukt.»
(Klikk to gonger på bilete for å kunne lesa.)
19. oktober 2012
Me har hatt ei strålande lansering av Dei løynde kjeldene. Dikt til ny livskraft. Fullt hus i biblioteket på Dale, vakre dikt og spesiell stemning med eit nærverande publikum. Bestill boka her. Følg oss gjerne på Facebook også.
Oktober 2012
Det nærmar seg lansering av vår nye bok Dei løynde kjeldene. Dikt til ny livskraft. Meir om boka her. Velkomen til lanseringskveld i Dale bibliotek 18. oktober! Sjå invitasjon.
22. februar 2011
Gledeleg brev frå Kulturrådet i dag: Dei kjøper inn vår siste bok, Testamentet og Spreidde balladar av Francois Villon!
9. november 2010
Årets siste forfattarkveld vart både forunderleg og morosam. Frode Grytten kjørte ein Toyota Carina 1800 Twin-Cam Turbo GT gjennom den japanske forfattaren Haruki Murakami sitt univers, og me vart med på ferda gjennom Tokyos gater og ned i undergrunnen av menneskesinnet. Det vart og delt ut bokpremiar i novellekonkurransen til Vaksdal kommune.
(klikk på bileta for større versjonar)
21. oktober 2010
Jon Eikemo gav både energiske og inderlege tolkingar av Villons dikt og balladar. Me fekk m.a. høyra den kjende «Balladen om dei hengde» og «Balladen om kvinnene i fordoms dagar», samt fleire utdrag frå Testamentet. Mona Grenasberg Ullevoldsæter fortalde om Villons liv og dikting. Eikemo viste verkeleg si evne til å formidla stor diktekunst.
21. oktober 2010
Boklansering! Me gjev ut eit av verdslitteraturens store diktverk, Testamentet og Spreidde balladar av Francois Villon, gjendikta til nynorsk. Det vert sagt at Villon «reiser seg som ein sypress mot himmelen i vår verdslitteratur». 2600 verselinjer er gjendikta av Harald Gullichsen. Jon Eikemo les dikt av Villon på lanseringskvelden. Sjå forøvrig omtale i Dag og Tid under. Dale Forsamlingshus torsdag 21. oktober kl. 1800. Velkommen!