Nyheiter

Dale og Bergsdalen – fine folk, mykje skøy, gode minne!

Me er i sluttfasen av ei bok med sprudlande, humoristiske og varme minne om Dale og Bergsdalen frå Bjarte Ytre-Arne, Odd Grenasberg, Trygve Aasland og Bernt Veka. Alle med sterk tilknytning til både Dale og Bergsdalen. Her deler dei fine minne med oss frå ei tid me må ta vare på. Dale si storheitstid med Festiviteten, Paviljongen, Dalehallen, gamle fotballheltar og svevande hopp i Solliabakken.

Musikklaget og søndagsskulen til Bjarne Thaule, alle butikkane, Bergsdalens fagre fjell og stappfulle skibussar. Historier heilt frå krigens dagar då Kong Haakon helsa Dalefolket, 50- og 60-talet fram til notid.

«Blir du med å honka på Ekso?», «Heia Dale, sild og pale!» og «Hu Hei! Hvor er det vel friskt og lett!».  Berre å gle seg!

Boklanseringa vert onsdag 14. oktober kl. 18 i Dale Forsamlingshus.