Nyheiter

Bokmanus er sendt trykkeriet: Olav Nygard. Mellom himmelsyn og avgrunn.

I år er det hundreårsmarkering for diktaren frå Modalen. Forfattar Ronny Spaans har skrive eit unikt manus med fleire nye funn om forfattarskapen. Boka vil bli lansert i Modalen 24. august under ei hovudmarkering for diktaren.

Nygard var ein stor ordkunstnar som skapte nye ord i freistnaden på å fange dei unike himmelsynene han hadde på terskelen til vebandet, ved grensa til det heilage.

«Han er lyrikar – Av Guds naade. Og maalskapar. Han er skald» (Johannes Lavik).