Nyheiter

September 2010

Torsdag 23. september i Forsamlingshuset på Dale kl. 18. Me heldt fram forfattarkveldane våre med eit foredrag om Olav Duun av Grethe Fatima Syéd. Ho vil m.a. diskutere om me skal sjå Olav Duun som den store etikaren, som vismann og profet som ga førebiletlege framstillingar av rett og gale, godt og vondt, eller om bøkene hans tvert imot er fulle av galskap, undergang, sjølvmord, sorg og forlis. Og kva med skjønnheita i verket – kan den kasta eit forsoningas skjær over smerta?