Nyheiter

8. november 2008 – Invitasjon: Maleriutstilling og boklansering!

Åse Lilleskare Faugstad kan ikkje berre skrive dikt, ho maler óg! Fredag 28. november kl. 1800 inviterer forfattaren og forlaget til åpning av maleriutstilling og boklansering i Dale forsamlingshus (45 min. m. tog frå Bergen).

Forfattaren les «Julehuset» og andre dikt frå den nye boka. Boksignering. Gløgg. Gratis entré. Komponisten Per Indrehus har sett tone til fleire av dikta. Nokre av desse blir framførte denne kvelden av Marilen Jørgensen Vågen, Per Jørgensen og Olav Arne Steinkopf.

Utstillinga vil óg vera open 29. og 30. nov. 10-17.

Invitasjon (PDF, 102Kb)