Nyheiter

Det beste av dramatikken

William Shakespeare (1564–1616) er truleg historias aller største diktar. Alle har eit forhold til han, anten gjennom dramatikk, dikt eller film. Dei mange uforgløymelege orda hans står att for ettertida. I denne boka finst eit utval av dei beste monologane og dialogane i dramatikken til Shakespeare: Hamlet, Stormen, Ein midsumarnattsdraum, Romeo og Julie, Macbeth m.fl.

Av same stoff som draumar
blir gjorde av, er vi. Vårt vesle liv
er ringa inn av svevn.

«Stormen»

Alle lesarar kjenner seg att i Shakespeares tematikk. Her talar mann og kvinne, høg og låg, om liv og død, makt og avmakt, kjærleik og hat, forelsking, svik og misunning, lengt og saknad, lukke og ulukke – alt det livet byd av sorger og gleder.

Boka syner fram eit høgdepunkt i nynorsk gjendiktingskunst. Journalist og forfattar Ronny Spaans har valt ut glitrande fragment frå m.a. Ivar Aasen, Erik Eggen, Henrik Rytter, Hartvig Kiran og Halldis Moren Vesaas.

Terningkast seks i Stavanger Aftenblad.