25. februar 2010

Det ble en finfin kveld i biblioteket. Fullt hus til tross for snøvær, OL og vinterferie. Åse Lilleskare Faugstad leste fra sine gjendiktninger av engelsk lyrikk, samt fra en upublisert novelle. Etter pausen leste elever fra skrivekurset til Henning H. Bergsvåg egne tekster.

Månadens forfattar i februar: Åse Lilleskare Faugstad. Ho les eigne og omsette tekstar. Det vert og opplesing av skrivekurselevar i den såkalla «Daleskulen i norsk litteratur»:

Odd Oldervik
Einar Bardal
Jan Erik Kolaas
Mona Grenasberg Ullevoldsæter

Biblioteket på Dale, torsdag 25. februar, kl. 1800.
Enkel bevertning. Entré kr. 50.-

Arr: Vaksdal folkebibliotek og Villanden forlag.

19. januar 2010

Kvelden med Kurt Johannessen trakk fullt hus i biblioteket – ein flott start på forfattartreffa!

«Det vart mange utfordrande lyttaropplevingar med bilete og tankesprang som me sjølve aldri ville klart å komma opp med», sa Mona frå Villanden som her gjev forlagets nyaste bøker som bokgåver. Ho meinte og at Lukian må vere antikkens svar på Kurt Johannessen med sine idear og filosofiske krumspring.

Januar 2010

Villanden inngår samarbeid med Vaksdal folkebibliotek om å arrangere forfattartreff kvar månad i 2010. Første forfattar ut var Kurt Johannessen, tysdag 19. januar, kl. 18.00 i Biblioteket på Dale. Sjå plakat i PDF. Hovudsponsor er BKK.

Desember 2008

Som ein fakkel er blitt tildelt produksjonsstøtte frå Norsk Kulturråd. Me takkar for tilliten!

28. november 2008 – Vellykket lanseringskveld!

Det ble en svært vellykket lanseringskveld i Dale forsamlingshus fredag 28. nov. En fullsatt sal fikk høre Åse Lilleskare Faugstad lese seks av sine dikt etter en innledning av redaktør Mona. De musikalske innslagene (forfatterens dikt, tonesatt av Per Indrehus) ble glimrende gjennomført av de tre dyktige og profesjonelle musikerne. 67 av forfatterens malerier rammet inn kvelden. Publikum satte tydeligvis stor pris på de kulturelle og sosiale opplevelsene denne kvelden.

Bildet: Forfatteren i stolen, Marilen Jørgensen Vågen ved mikrofonen og Per Jørgensen med trompet.

8. november 2008 – Invitasjon: Maleriutstilling og boklansering!

Åse Lilleskare Faugstad kan ikkje berre skrive dikt, ho maler óg! Fredag 28. november kl. 1800 inviterer forfattaren og forlaget til åpning av maleriutstilling og boklansering i Dale forsamlingshus (45 min. m. tog frå Bergen).

Forfattaren les «Julehuset» og andre dikt frå den nye boka. Boksignering. Gløgg. Gratis entré. Komponisten Per Indrehus har sett tone til fleire av dikta. Nokre av desse blir framførte denne kvelden av Marilen Jørgensen Vågen, Per Jørgensen og Olav Arne Steinkopf.

Utstillinga vil óg vera open 29. og 30. nov. 10-17.

Invitasjon (PDF, 102Kb)

8. november 2008 – «Som ein fakkel» er i sal!

Boka har nett kome frå trykkeriet. Resultatet vart flott, og me har fått gode tilbakemeldingar på boka allereie. Den kan bestillast på  denne sida, og er tilgjengeleg gjennom alle bokhandlarar i landet, samt hjå nettbokhandlarane http://www.haugenbok.no/ , http://www.bokdykk.no/ og http://www.bokogmedia.no/.

Boka er lagt inn med informasjon i Den norske Bokdatabasen og kan også bestillast via Mentor.

Pressemelding (PDF, 279Kb)